Larsastova

ved Larsastova ved og sag er eit enkeltmannsforetak som er drive av Lars Ingvald Folkedal, med meg i arbeidet har eg far min Gunnar, mor mi Synnøva og bror min Halldor. Ilag så tek me ut tømmar til ved og sag, me klarar å hogga nesten alt på eige jord men noko lyt me kjøpa inn frå andre skogeigarar.
Me har stor fokus på at me skal nytte oss av lokale ressursar slik at våre produkt vert mest mogleg miljøvenlege. Både kløyvar og sag går på elektrisitet og såleis vert særs lite diesel bruka under produksjonen. Me har og ei von om å byggja eit mini kraftverk for å produsere av eige vatn.

Hovuddrifta på garden er økologisk kjøt/mjølkeprodusjon og slaktegris. Me legg vekt på å nytta eigne ressursar her også. Med å satse på vedproduksjon og gardsag så håper me å skape eit drivverdig bruk som er godt skodd for framtida.

folkedal
Folkedal i Granvin